fredag 16. januar 2015

Elena Ferrante: Mi briljante venninne






Fekk denne prøveboka, enno ikkje korrekturlese, frå Samlaget ved juletider. Denne romanen er på same måten som Sylvia Avallones Stål, ein roman som fortel mykje om Italia i tida frå femtitalet og fram til i dag. Eg har sett mange filmar frå denne tida, der regissørane Federico Fellini og Vittori de Sica laga filmer med til dels realistisk innhald. Men sjølv om filmane hadde innhald frå kvardag i tette befolka gater, er disse nye bøkene svært viktig for å vise litt av det som skjer i Italias i disse åra.

Romanen er ei forteljing om vennskap mellom to jenter, frå dei leika saman som småjenter, til vaksne kvinner. Det er to ulike jenter. Elena, som er forteljaren i romanen, er datter av portnaren i rådhuset. Ho er skoleflink, men har perioder der ho kutter ut lesinga og bryr seg lite om skolen. Dette har ofte samanheng med at ho er saman med venninna Lila, som er datter av skomakaren. Lila får ikkje lov til å ta meir utdanning etter elementærskolen, sjølv om ho har gode evner. Ho må arbeide i skomakarverkstaden, der ho , saman med broren , teiknar nye modellar. Men det viser seg at ho gjennom å låne bøker på biblioteket, og å spørre ut Elena i dei ulike faga, med stor kløkt får med seg mykje kunnskap. Dette utfordrar Elena, som etter kvart gjer det godt i alle fag, og fortsett å studera.

Her er det ikkje lett å vere barn og ungdomar. Fedre som slår og mødre som kjeftar og berre hundsar ungane sine. Ikkje mange godord å få. Og omgangen mellom naboar og andre i nærmiljøet er heller ikkje særleg hyggeleg. At det ikkje går liv oftare er eit under. Oppveksten i denne delen av Napoli er tøft. Kampen for tilværet kjem tydeleg fram. Lokal mafia,  styrer det meste. Og jentene som veks opp her må konkurrere om kven som finn den beste mannen, slik at dei kanskje kan få eit betre liv. At Lila nærmest vert tvungen inn i ekteskap som sekstenåring, med sonen til Carraci, er ikkje tilfeldig. Det er den einaste måten å sleppa unna Solara-familien på, dei som har makta over alle.

Elena Ferrante skriv om dei to venninnene på ein måte som gjer at du vert glad i dei begge. Dei er svært ulike, dei er sjalu og usikre, dei konkurrerer og dei går eigne vegar. Men dei finn alltid attende til kvarandre, og dei er hjertevenninner.

Romanen fortel om livet deira til dei vert vaksne, og avsluttar med bryllupet til Lila og Stefano. Men da Elena fortel denne historia er ho ei eldre dame, busett i Torino. Ho får no melding om at Lila er borte. Ingen finn spor etter henne. 
"I minst tre tiår har ho snakka om dette å forsvinne utan å etterlate seg spor, berre eg veit kva det betyr."
"Ho ville fordufte, kvar einaste celle skulle slutte å eksistere, av henne skulle det ikkje finnast noko tilbake. Og ettersom eg kjenner henne, eller i alle fall trur eg kjenner henne, tar eg det for gitt at ho har fnne ein måte som ikkje lar det vere igjen i denne verda eit einaste hårstrå nokon stad."
Ei på mange måter realistisk forteling frå livet i Italia på femtitalet, men også ei forteljing der ein sit att med mange spørsmål og uvisse. Gatene i Napoli og det brutale miljøet i bydelen vi møter, er godt skildra.  Dette er ei ærleg og lettlese bok, med god, flytande oversetting til nynorsk. Eg kjem nok til å lese meir av Elena Ferrante, og andre italienske forfattarar i tida framover.

Samlaget
2015
404 sider
Oversett av Kristin Sørsdal

1 kommentar:

  1. Denne ser jeg frem til å lese, har den på vent.. Fikk også den siste av Avallone i går, så den ser jeg også frem til God helg.:)

    SvarSlett