mandag 16. mars 2015

Edvard Hoem: Slåttekar i himmelen



Edvard Hoem er ein forfattar eg gjerne les. Bøkene hans er jordnære og ekte, gjerne med historier bundne til verkelege hendingar. I "Slåttekar frå himmelen" er det som Hoem seier sjøl:
"Ein roman dikta rundt spinkle minner om personar som faktisk har levd. Om Gjertine Eriksdotter visste eg berre ein einaste ting, nemleg at ho opponerte mot presten som skulle konfirmere henne og sa at han ikkje lærde rett. Knut Hansen Nesje, i denne boka berre kalla Nesje, kjende eg frå fars foreljingar, men også hans liv dikta eg i det store og heile fram, det same gjeld kona hans, Serianna."
Dette er ei historie om livet på bygdene i Romsdal på slutten av 1800-talet. Edvard Hoem skildrer korleis folk streva og sleit for å få endane til å møtast, og fleire og fleire vart lokka til landet på den andre sida av havet, prærien i Amerika. 800 000 nordmenn vart freista til å tru på eit betre liv på denne tida, og utvandra frå Noreg. Blodslitet og alle skuffelsane som møtte dei, vart det sjeldan skrive heim om.

Nesje er slåttekar og enkemann med ein son. Han arbeider for godseigar Gørvell, men også for bonden på Reknes, der han har bygsla jord til det vesle bruket sitt. Det vert hardt arbeid både dag og natt for å klare seg. Han møter Serianna. Ho er ei tøff kvinne, røyker sigar og gruer seg ikkje for å ta i eit tak. Dei to gifter seg og får tre barn saman.  Søster til Serianna, Gjertine, ei livsglad jente med nysgjerrighet på livet. Ho har sterk utferdstrang, og klarer å overtala ektemannen til å reise til Amerika for å søke lukka der. Det er livet til desse to familiane som vi møter i boka, Slitet heime ved Frænafjorden, og slitet på prærien.

Men her er det også ei forteljing om styrke og vilje til å klare seg, og ei forteljing om kjærleik og truskap. Her er kvardagsliv, lukkelge stunder, vakre natursskildringar både frå Moldefjorden og prærien.

Hoem skriv så godt og flytande lett at det er ein fryd å lese bøkene hans.  

Forlaget oktober
2014
352 sider
Nynorsk

 

6 kommentarer:

  1. Jeg har lånt denne og Jordmor på jorda på biblioteket. Jeg har lest Mors og fars historie og gleder meg til å sette igang med disse to. Jeg tror nok det er du som har inspirert denne plutselige forkjærligheten for Hoem :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra at mange leser han! Det er han verdt.

      Slett
  2. Takk for tips og omtale.
    Eg las Boka omm mora og faren hans og likte den.

    Vona du har det fint i vårdagane :)

    SvarSlett
  3. Jeg er så enig med deg, det er en fryd å lese det han skriver. Takk for tips om Heimlandet Barndom, den er bestilt på biblioteket :)

    SvarSlett
  4. Godt skrive - og eg er så enig, så enig.

    SvarSlett
  5. Fin omtale, Åslaug - hyggelig å se at lesere liker Hoem - det fortjener han

    SvarSlett