mandag 31. august 2015

Marit Eikemo: Alt inkludert



Fra bokas bakside leser vi:
"Agnes og dottera Maja på seks år flyttar inn i eit hybelhus i eit heilt vanleg norsk nabolag, utan nettverk, vener, møblar eller pengar. Gjennom eit par sommarmånader følgjer vi Agnes i hennar forsøk på å etablere seg. I møte med alle dei nye menneska, borna i gata, mammabloggaren, politimannen, organisten og jusstudenten, er det ofte ikkje meir enn ei kvit løgn som skal til for å få ting til å gli lettare. Mens Maja spelar Nintendo, brukar Agnes tida si på finn.no, på leit etter møblar og andre ting dei treng. Omgangen med dei andre blir stadig meir utfordrande, pengane minkar, løgnene blir fleire, skulestart nærmar seg – og korleis har eigentleg Maja det?"
Dette er ei bok som handlar om meir enn ei einslig kvinne med et barn. Her les vi om ein person som på mange måtar vert stengt ute frå fellesskapet, om korleis det blir å kjempe for å verte godteken. Agnes er på mange måtar ei tafatt og vinglete dame, som ikkje har funne sin plass i samfunnet. Vi veit lite om bakgrunnen hennar, berre at ho har flytta inn i ei fuktig kjellarleilighet som eigentleg ikkje er godteke som bustad. Fleire av naboane tek kontakt, hjelper henne med møblar og ting som dei meiner er nødvendig for henne. Ho bruker Finn, der ho henter billege møblar og ho blir kjent med ei som skriv blogg om hus og heim, og som veit akkurat korleis ho skal få orden på livet sitt.  I det heile er det mange som har meinigar om livet hennar. Agnes vegrar seg for å seie i frå om kva ho vil, og da er det lettare å finne på noko, lyga.  

Her er  det mange fargerike personar, sterke og svake menneske, som meir eller mindre lever på livsløgner. Desse menneska speglar kanskje samfunnet vårt i dag, der materielle goder betyr meir enn mykje anna. Men når økonomien ikkje tillet dette, felle ein utanfor. Agnes prøver å gi Maja alt det ho ønskjer seg, men ho gløymer likevel å følgje henne opp på mange måtar. Den vesle jenta har vondt i magen, men Agnes har meir enn nok med seg sjølv, og ser ikkja kva som kan vere samanhengen.

Eg synest at denne romanen berre er trist og alvorsfylt, sjøl om det finns komiske situasjonar. Eg syns på ein måte synd i Agnes, men klarer ikkje å fri meg fra å irritera meg over kor lite sjølvstendig ho er. Men det er vel nettopp dette Marit Eikemo gjer så bra, ho får lesaren til å tenkje over kva ho skriv om! Ein samfunnsrealistisk roman som nok vert lagt merke til.

Samlaget
2015
319 sider i prøveeksemplar
Nynorsk



1 kommentar:

  1. Da fikk jeg et lite innblikk i denne også, takk for omtalen - boken høres alvorsfylt og litt trist ut ja.

    SvarSlett