tirsdag 20. september 2016

Carl Frode Tiller: Kven er redd? (Bokhyllelesning i september)

FAMILIEIDYLL MED SKYER: Å være tilskuer til «Kven er redd?» er som å være flue på veggen i huset til en hvilken som helst alminnelig, norsk familie. Her er det ingen enkle kulisseløsninger – det dusjes med ekte vann og maten tilberedes på komfyren – slik at vi kan kjenne løklukta komme sigende helt bakerst i salen. FOTO: Gisle Bjørneby

Det norske teater seier om forestillinga: "Alt Bjørn vil er at familien skal ete eit godt måltid og ha det hyggeleg i lag. Men sonen – som for litt sidan var hiphopar, skater og emo – no er blitt miljøbevisst NU-ungdom og skal på møte. Dessutan et han ikkje mat som ikkje har hatt eit godt liv. Dottera skal treffe den eldre bilmekanikarkjærasten frå Åfjord. Med kona Ingvild utvekslar han ikkje stort anna enn spydigheiter og drepande replikkar. Dei har ein pågåande stillingskrig der både barn, foreldre og kollegaer blir brukte som gissel og levande skjold.
Ei hyggeleg familiestund verkar milevis unna."

 Dette er en historie om en middelmådig skodespelar som endeleg har fått ei stor rolle. Han skal spele George i Kven er redd for Virginia Wolf? Det som vert både tragisk og komisk er at ekteskapet hans er inne i ei krise, og parallellen til teaterstykket er påfallande. Vi følgjer familien gjennom eit døger. Bjørn skal lære replikkar, men irriterer seg over kona Ingvild og dei to tenåringsbana, Odin og Sara . Dei diskuterer og kranglar. Og no er far til Bjørn og svigerforeldra kome til middag. Dei siste er velståande og kritiske til svigersonen, som ikkje har klart å bli kjend. Dei har mist trua på han for lenge sidan, 
Eit teaterstykke om ein familie som held på å forvitre. Bjørn er taparen, han fortel historia. Han kjenner at han meir og meir blir pressa ut av familien. Kona gjer det godt som forretningskvinne. Han ser på sonen Odin som ein særing. Dottera Sara, som eigentleg er ei skuleflink jente, har latt seg overtale av ei spåkone til å slutte skolen og få barn. Han har ikkje kontroll over noko lenger. 

Dette er noko Carl Frode Tiller klarer å skape godt teater av. Han er som vanleg framifrå til å gå inn i dei personane han skriv om, slik at vi kjem bak overflata. Eg kunne gjerne tenkt meg å sett dette stykket på teaterscena. 
No ser eg fram til tetareforestillinga Begynnelser, som går på Trøndelag Teater for tida.  Eg skal sjå ho førstkomande mandag. 

Det norske teater
Regi Lasse Kolsrud

1 kommentar:

  1. Begynnelser er veldig bra. Så en førpremiere. Spent på hvordan du liker den:)

    SvarSlett