tirsdag 1. november 2016

Elena Ferrante: Historia om det tapte barnet


Da har eg lese den fjerde og siste boka i Napoliserien. Det var gripende lesning, slik som dei tre første, og ikkje lett å legge frå seg, verken underveis eller etterpå. Elena Ferrante skriv så besettende at lesaren blir fanga gjennom fleire hundre sider.
Det er dei to venninnene Elena (Lenu)og Lila sine historier vi følgjer vidare, no som godt vaksne kvinner. Elena har oppnådd suksess som forfattar, men kjenner at det vert vanskeleg å gjera alle til lags. Ho må reise mykje, bort frå familien. Dei to døtrene Dede og Elsa bur litt hos svigermora, og etter kvart litt hos Lila, og Elena har ikkje kontroll over korleis dei har det. Ho har aldri kome over ungdomskjærleiken til Nino, som har fått ein karriere og omgir seg med kvinner. Ho vert skild frå professorektemanenn Pietro, og går inn i eit heftig forhold med Nino. Nino er gift, men reiser frå kona, og han og Elena flytter til Napoli saman. Lila, som no har bygd opp eit dataselskap, er ei kvinne med stor innflytelse i lokalmiljøet, og no møtes ho og Elena som venninner att. Lila har aldri klart å kome seg bort frå Napoli, og er meir eller mindre framleis avhengig av menn som styrer bydelen. Ho er uforutsigbar, men ustoppeleg og sterk, med eigne meiningar og krav. Begge føder ei dotter omlag samstundes, noko som no knyter dei saman, på godt og vondt. Når tragedien kjem og eit barn kjem bort, fører dette til store endringar i tilhøvet mellom dei to venninnene. Og som tidlegare kan ein spekulere over kor godt dette vennskapet eigentleg er. Kva held dei saman når det stort sett er strid og ulike haldningar som styrer når dei møtes? Boka startar med desse orda:
" Frå oktober 1976 fram til 1979, då eg flytta tilbake til Napoli, unngjekk eg å ta opp igjen den nære kontakten med Lila. Men det var ikkje lett. Ho prøvde straks å presse seg inn i livet mitt, og eg ignorerte henne, tolererte henne, held ut med henne. Sjølv om ho oppførte seg som om det einaste ho øsnkte, var å vere nær meg i ein vanskeleg periode, klarte eg ikkje å gløyme den nedrige måten ho hadde behandla meg på.
Miljøet i Napoli er som tidlegare tøft. Innnanfor familiane er det kjefting, slåssing og misstru. Utanfor styrer nokre sterke familier over bydelane. Familie Solara er dei sterke i bydelen der Lenu og Lila bur. Camorra, vold, drap og kidnapping er daglegdags her. Elena, som reiste bort frå elendet i Napoli, har aldri heilt funne ro. Ho  er rotlaus, og dette viser seg i det ho skriv. For når ho skriv om Napoli og det kjende miljøet og menneska der, da skriv ho best, ekte og ærleg. 
Leitinga etter Lila har halde fram lenge, ingen veit kvar ho held til. Elena, som alltid har visst at Lila kunne blitt ein større forfattar enn henne, om ho hadde hatt dei same føresetnadane og kome seg bort frå Napoli, klarer endeleg å gi slepp, og står for det ho har skrive, på eigehand. 
Her er italiensk historie på 70-talet og framover sterkt framme. Organisert kriminalitet er framleis vanleg, Det er sterke motsetnader mellom by og land, mellom sør og nord. Kvinner og menn har svært ulike oppgåver, både i samfunn og innanfor familien.  Det er likevel ting på gang innafor samfunnstruktur og politikk.  
Ein fantastisk roman denne gongen også! Berre trist at det er slutt. 
Andre som har skrevet om boka/bøkene er tine og artemisiasverden og kleppanrova
Samlaget
2016
572 sider
Oversett av Kristin Sørsdal
Nynorsk

4 kommentarer:

  1. Flott omtale Åslaug! Jeg må også få skrevet om denne snart. Synes det var så vanskelig rett etter at jeg hadde lest den, det er en sterk roman på mange måter, vond også.

    SvarSlett
    Svar
    1. Helt enig. Jeg måtte gjøre det kort og enkelt. for her var det mye å ta tak i. Må ikke røpe for mye heller.

      Slett
  2. Flott omtale Åslaug, denne må jeg lenke til hos meg. Jeg har lyttet til den siste boken og er overbegeistret, tror sannelig jeg skal høre den første boken også, den eneste jeg har lest på nynorsk (De to andre leste jeg på engelsk) Har likt bøkene bedre og bedre, og denne siste er jo helt fantastisk!

    SvarSlett
    Svar
    1. Jeg syns så absolutt du bør lese den første boka også. Jeg må si at disse fire var stor litteratur, som jeg virkelig falt for.

      Slett