lørdag 23. mai 2015

Kroken & Kolden: Død manns kiste

Død manns kiste
Eg fekk lyst til å lesa denne krimromanen etter å ha lese eit par andre bøker av Ragnhild Kolden. Denne er skrive saman med Vigdis Kroken, begge Opplandsjenter.
Handlinga i Død manns kiste startar med at veterinæren i Lom, den nyinnflytta Bente Ruste, blir sporlaust borte. Ho er ikkje like godt likt av alle, da ho har hatt sine klare meiningar om husdyrhald, og ikkje lagt noko i mellom når ho har teke avgjerder om avliving av kjæledyr og likaende saker. Lensmann Sylfest Seljestad, saman med kollegene Reidun Hammer og Jørgen Fjeld, leiter overalt etter Bente. I mellomtida dukker det opp eit lik, men dette viser seg å være ei kvinne som er død for lenge sidan. Men kven ho er. det veit ingen.

Samstundes, på fjellgarden Tusshaug i Bøverdalen, møter vi ein grinete og ulykkeleg bonde. Han er lite gjestfri og uvennleg mot alt og alle. Han bur saman med ei kvinne frå Russland.  Ho er ikkje særleg glad i å bu saman med han på den avsidesliggjande garden.

Eg liker bøker med innhald knytta til kjent nærmiljø, og denne er ei av desse. Kjenner igjen navn og stader der saka foregår, og ikkje minst naturen og fjelltraktene i Lom og Bøverdalen. Og nettopp naturskildringane i boka er flotte og detaljerte, noko eg liker godt. Ein stillfarande krim utan grøss og gru og blodige mord, men likevel slik at du ikkje kan legge den ifrå deg før siste side er lese.


Samlaget
2015
Lese som eBokBib på mobilen
Nynorsk


eBokBib

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar