onsdag 10. januar 2018

Ola Jonsmoen: De som baker brød har gode hender (Noveller)

Denne boka har vi lese i Bokklubben(lesesirkelen) vår denne månaden.

Boka inneheld 18 delvis korte.noveller.  Her er det mange lett attkjennande kvardagssituasjonar frå vanlege folk. Ved første gjennomlesning kan dei verke enkle og lite til ettertanke, men når ein går djupare inn i dei ligg det mykje kunnskap om menneskje, barn, vaksne og eldre. Nokre veks frå kvarandre, andre går langt i å kome seg bort frå eit tøft samliv. Forfattaren ser barn, og viser korleis små hendingar kan bli med barnet langt opp i vaksen alder. Det er forteljingar frå små bygdesamfunn, og frå byen. Vi finn mykje humor her, men bak ligg mykje alvor. Eit merkeleg møte på trappa ved Oslo S, novellen Forsetteleg handlar om menneske som ikkje fell inn under den såkalla "normalen", menneske som på ulikt vis stikk seg ut, ikkje nødvendigvis negativt. Novellen Fins "Freden" er ein av dei sterkaste. Her handlar det om skuldfølelse og leiting bakover etter noko som er uoppgjort.  Og i Stillaste stasjonsbyen blir folk halde vaken om nettene av ein bråkmakar med motorsykkel. Ingen veit kven han er. For han er den stillaste og mest unnseelege guten utan vener og sjans hos jentene. 

Ei novellesamling som er lettlese, men som sitt att i tankane lenge etter at du har lese ho.

Sollia forlag 
2016
190 sider
Nynorsk
Lånt på biblioteket

2 kommentarer:

  1. Så morsomt at dere har valgt denne- jeg hadde Ola som (engasjert og dyktig!) lærer på Holmen VGS i hine hårde dager 😃

    SvarSlett
    Svar
    1. Så artig! Jeg kjenner godt til han via skolen. Og som kåsør og foredragsholder.

      Slett