tirsdag 6. mars 2018

Elena Ferrante: Kvelande kjærleik (Roman)


Den enorme suksessen med Napolikvartetten, som Samlaget ga ut i 2015-2016, førte til at bøkene til Elena Ferrante, eller kva forfattaren heiter(?), har fått mange lesarar. Samlaget har også gjeve ut disse bøkene:
Svikne dagar (Italia 2002), Den dunkle dottara (2006) og Kvelande kjærleik (1992.)
Kvelande kjærleik er ei lita bok med mykje innhald og stort driv! 


Mor til hovedpersonen Delia blir funnen død, flytande i sjøen, berre ikledd raffinert undertøy. Delia reiser til heimbyen Napoli til gravferda. Ho får no fleire merkeleg  og anonyme telefonopprngingar, og lurer på kva som har skjedd med mora, Amalie. Ho og mora hadde møttes ein gang i månaden. Da kom  mora til Roma, der Delia bur, vart nokre dager og sette igang med vasking og rydding. Dette irriterte Delia grenselaust, og særleg at mora prata med alle i nabolaget. 

Mora var skild frå faren for mange år sidan, og Delia har ikkje kontakt med faren. Han var ein middelmådig  kunstmålar, og måla portrett av kvinner til dei amerikanske marinegastane, og sigøynerjenter, med Amalies kropp.  
I begravelsem kjem Caserta, ein mann som mora hadde eit forhold til, og som nok var ein av årsakane til at mora ønskte skilsmisse. Delia vil snakke med han, men han vert borte. 
Delia vil no rydde leiligheta til mora og avslutte leietilhøva her. Her har mora levd i mange år, etter skilsmissen, også medan Delia var lita. No kjem mange minner og tanker om mora. Kven var ho eigentleg? Kva skjedde med ho? Tok ho livet sitt? Var Caserta framleis ein del av livet hennar?

Mor- dottertilhøva var ikkje gode. Mora har lagt att ei gåve til Delia, ei gåve ho ikkje rakk å gi henne før ho døydde. Ein kjole og undertøy. Desse plagga er viktige i leitinga etter kven mora var. Og kven ho sjølv er. Medan Delia bur i leiligheta dukker mange minner opp, og samtaler med naboar og andre som kjente dei begge, gjer at ho etter kvart kan sjå mykje også frå mora si side. Ei erkjenning av eit hatefylt men også kjærleiksfylt forhold der begge sakna den andre. Ho vaks opp mellom to foreldre som vert styrt av sjalusi, mistanker og eigetrong. Her er det trakassering og krenkelser begge vegar, og som i dei andre romanane til Ferrante frå Napoli, opplever vi brutalitet og drapstruslar i kvardagen. Eit tøft miljø. Delia kjenner etter kvart att mora i seg sjølv, og forstår meir om kvifor begge er blitt den dei er.


Ferrante skriv så direkte og hjarterått, og så spennnade at ein ikkje klarer å legge frå seg boka før siste side er lese. Innhaldet er så så tett og beskrivande, at ein er fornøgd med at ho berre er 170 sider. 



No ventar eg berre på å høyre om den anonyme forfattaren kjem ut or skåpet snart. Vel verdt høge litteraturprisar!

Eg skreiv om denne boka tidligere, da i bokmåls oversettinga. Sjå omtala mi her, Hjemreisesom vart heilt ulik denne. Kanskje utfyller dei kvarandre. Elles har Rosemarie skrive ein flott omtale av denne boka: her

Samlaget

2018

171 sider

Oversett av Kristin Sørsdal

Lesareksemplar

6 kommentarer:

  1. Er ikke Kvelande kjærleik og Hjemreise den samme romanen da? Hvordan kan den bli forskjellig på nynorsk og bokmål?

    SvarSlett
    Svar
    1. Oversettelsen har mye å si. Men det var min omtale som ble ulik, mest pga hvordan jeg oppfattet den. Er en innholdsrik og vanskelig roman som setter i gang tanker.

      Slett
    2. Aha... jeg er med :)

      Slett
  2. Jeg gleder meg til å lese denne. Hun er verdt mange priser, men jeg tror ikke vi får vite hvem hun er på mange år enda!

    SvarSlett
  3. Så bra at du omtaler denne på nynorsk - og jeg ser at du også føler litt ulikt for de to utgavene

    SvarSlett
  4. Jeg leste Svikne dagar og likte den godt nok til å ønske å lese mer av Ferrante. Da virker denne som en god start. Lurer på om vi noensinne får vite hvem som egentlig skjuler seg bak pseudonymet...

    SvarSlett