onsdag 21. mars 2018

Frode Grytten: Vente på fuglen (Noveller)

Vente på fuglen av Frode Grytten (Innbundet)

Oppdaget denne festlige novellesamlingen/ twittermeldingene på Lindmo for et par uker side. Frode Grytten var gjest, og presenterte blant anna en del korte noveller som ble sendt som twittermeldinger i en periode noen år tilbake. Korte noveller som ikke overgår 140 tegn. Her er alt fra barnets fødsel til alderdom og død samla på 200 sider. Fantastisk godt skrevet - små perler. Mye humor i disse!

 Dei har ikkje henta (3) i barnehagen på
et par veker. Sant å seie,
han søler, rotar, grin. Sant å seie,
han er ikkje det dei drømte om.

Du er henta! ropar dei til Speiderman (4).
Karnevalet har tatt alle superkreftene.
Heime vil Speiderman ha Nugatti-skive og
sjå Sauen Shaun.

Rommet hennar lyser av sms.
Ho kan telje 22 stavfeil på fem meldingar.
Bodskapen er likevel klar. Verdas største
idiot (14) har slått opp.

Gut (16) har forskansa seg i ein
hettegenser. Situasjonen har vore fastlåst i
to-tre år. Dei får inn mat og drikke, men
guten kjem ikkje ut.

Verdas sterkaste mann (28) møter verdas
søtaste bibliotekar (27). Ho tar av seg
brillene. Han er ikkje akkurat verdas
sterkaste mann lenger.

Den ettermiddagen rygger kvinne(55) rett
inn i flunkande ny Audi ho meiner tilhører
eksmannen (55) og hans nye flamme (24).

Mann (96) les minneord i avisa over
soknepresten som er gått bort. Han hugsar
resten frå den vinteren han sjølv låg på
det siste. Grei fyr.

Kagge forlag
2014
207 sider
Nynorsk
Lånt på biblioteket

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar